Spørsmål og bruksreglar
Er ved med i prisen?
Ja. Veden ligg i kistebenken i omkledningsrommet.
Er saunaen varm når eg kjem?
Nei. Du fyrer sjølv, og det held prisen nede.
Er det dusj?
Nei. Det er omkledningsrom og reint, friskt sjøvatn rett utanfor døra.
Kan me ha saunaen for oss sjølve?
Ja. Book alle 12 plassane på éi økt. Med eit 12-klipp kostar det 950 kr, mykje mindre enn å betala for kvar plass.
Må eg vaska etter meg?
Ja. Lat saunaen vera slik du fann han: svabra vatnet på golvet ut hovuddøra og vask over benkene. Grønsåpe og nal står klar.
Eg fekk ikkje koden. Kva gjer eg?
Sjekk søppelposten først, koden kan ha hamna der. Finn du han ikkje, spør oss, så sender me ein ny.
Kor lenge varer ei økt?
To timar, og oppfyringa er rekna med. Dei tidlegaste øktene varer i tre timar.
Korleis fungerer låsen?
Etter booking får du ein kode som opnar den digitale hengelåsen på ytterdøra. La hengelåsen stå open medan du er inne, og lås att med han når du går.
Kva er aldersgrensa?
Frå 16 år kan du bruka saunaen åleine. Under 16 år er du saman med ein vaksen over 18.
Kven driv Langevåg Sauna?
Bømlo IL, som er ein ideell organisasjon, eig og driv saunaen saman med Bømlo Båtlag. Overskotet går til dei frivillige laga, til glede for lokalsamfunnet.
Korleis bookar eg?
Vel ei økt under «Ledige økter» og trykk «Book». Så fyller du ut skjemaet og betaler. Etter betalinga får du koden.
K · Eg vil snakka med deg
Spør oss
Vel eit spørsmål, eller skriv ditt eige.
E-post: sponsor@bomlo-il.no
Telefon: 481 47 409
Kva flagga seier
Flagga på sida er signalflagg frå båtlivet, same slag som pyntar båten i logoen. Kvart flagg er ein bokstav og ei melding.
- CJa.
- NNei.
- PAlle om bord, fartøyet skal gå.
- KEg vil snakka med deg.
- VEg treng hjelp.
Bruksreglar
I Langevåg Sauna står fellesskap og respektfull bruk i sentrum. For å sikre at alle får ei god oppleving, ber me om at du følger desse reglane:
- For å halde saunaen i ein triveleg tilstand, ber me alle brukarar om å rydde opp etter seg, slik at saunaen er like rein og fin som då du kom.
- Alkohol er ikkje tillatt på eller rundt saunaområdet, i samsvar med gjeldande lovverk.
- Når saunaen delast med andre, vis omsyn ved å ikkje oppta meir plass enn nødvendig, slik at alle får plass til å slappe av.
- Berre betalande gjester har tilgang til saunaen. Det er ikkje tillatt å sleppe inn uvedkommande.
- For å bevare eit behageleg innemiljø, ber me om at mat og snacks ikkje blir medbrakt inn i saunaområdet.
- Det er berre tillatt å bruke reint, ublanda vatn på varmasteinane for å lage damp.
- Ver vennleg og vis omsyn til andre og området rundt saunaen, slik at alle kan ha ei triveleg oppleving ved sjøkanten.
Å ignorere desse reglane kan føre til avslutting av avtale, samt potensielle juridiske tiltak og erstatningsansvar. Me set stor pris på ditt bidrag til å skape ein hyggeleg og inkluderande atmosfære i Langevåg Sauna.